Breakfast Forum

Terrorlovgiving

24 feb 16 08:30 - 24 feb 16 09:30 NOR ,

Erling Johannes Husabø, UiB og Lise Hellebø Rykkja, Uni Research Rokkansenteret i samtale med Åse Gilje Østensen, CMI.

Innleiing ved Erling Johannes Husabø, professor ved Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen.

Innleiinga vil ta for seg utviklinga av ei stadig meir vidtrekkjande norsk terrorlovgiving frå 2001 og fram til i dag. Særleg vil fokus vera på den utvida kriminaliseringa av førebuingshandlingar og stadig vidare fullmakter for politiet og PST til å nytta skjulte tvangsmidlar mot den som ein mistenkjer kan ha planar om terrorhandlingar ein gong i framtida.

Kva effektar og bieffektar har denne terrorlovgivinga?

Panelsamtale terror, krisehandtering og samfunnssikkerheit leia av Åse Gilje Østensen med Erling Johannes Husabø og Lise Hellebø Rykkja, forskar ved Uni Research Rokkansenteret.