Saudi-Arabia

8 nov 2018 19:00 8 nov 2018 20:30 NOR

Kva er det med Saudi Arabia? Samtale med Knut S. Vikør (UiB), Anne K. Bang (UiB) og Magnus Halsnes (UiB).

Merk at arrangementer er på Litteraturhuset i Bergen, rom: Alver.

Kva er det med Saudi-Arabia? Drapet på den regimekritiske journalisten Jamal Khashoggi har reist internasjonal fordømming av Saudi-Arabia, men er det noko som kan utfordra kongefamiliens makt?

Kontrastane er tilsynelatande mange i dette landet: På den eine sida har det ein sterk oljeøkonomi, er ein strategisk alliert med USA og medlem i både G-20 og FNs menneskerettsråd. Samtidig er landet eit eineveldig monarki med ein svært konservativ form for islam.

Statstyret er stadig skulda for alvorlege menneskerettsbrot. Landet har ekstraordinært høge militærutgifter og det er ein av verdas største våpenimportørar, med hendene inn i fleire regionale konflikter - ikkje minst i Jemen. Ei spenning mellom det tradisjonelle og det moderne pregar landet.

Korleis kan landets historiske utvikling hjelpe oss til å forstå dette komplekse landet? Kva rolle spelar Saudi-Arabia i regionen? Og kva veg går Saudi-Arabia framover?

Knut S. Vikør er professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur-og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen. Vikør arbeider med islamsk historie, særleg Nord- og Vest-Afrika 1700- og 1800-talet. Særlige fokus er på islamsk lov og på sufi-brorskap, begge sett i samfunnsmessig samanheng.

Anne K. Bang er professor ved AHKR, UiB. Bang jobber med islam, Midtausten, Aust-Afrika, Zanzibar og Det indiske hav.

Magnus Halsnes er stipendiat ved AHKR, UiB. Kompetansefelt er Midtausten, Jordan, Saudi-Arabia, Palestina, grenser og kolonialisme. 

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Forklart-serien
Hva handler konflikten i Korea om? Hva er en flyktning? Hva er egentlig antisemittsme, og hva er det med Israel? Dette er noen få av mange spørsmål vi vil søke å forklare i Forklart-serien ved Ressurssenteret CMI/UiB. Målet er å skape en serie med dagsaktuelle forelesninger som gir innsikt og overblikk, og som forbinder historie og nåtid. Vi vil rett og slett forklare kompliserte tema og land på en interessant og tilgjengelig måte.