Kva nå, Midtausten? Ein atomavtale utan USA

16 mai 2018 08:30 09:30 NOR
Knut S. Vikør, UiB Marianne Bøe, UiB Åse Gilje Østensen, Sjøkrigsskolen

Knut S. Vikør (UiB) og Marianne Bøe (UiB) i samtale med Åse Gilje Østensen (Sjøkrigsskolen)

Kva nå, Midtausten? Ein atomavtale utan USA

Knut S. Vikør (UiB) og Marianne Bøe (UiB) i samtale med Åse Gilje Østensen (Sjøkrigsskolen)

President Donald Trump trekk USA ut av atomavtalen med Iran. Avtalen som USA, Russland, Kina, Tyskland, Frankrike og Storbritannia signerte med Iran i 2015, hadde som mål å sterkt begrense Irans atomprogram mot at ei rekke økonomiske sanksjonar mot landet blei oppheva.

Kvifor trekk USA seg ut av avtalen? Kva konsekvensar kan det få i ein allereie spent region? Vil det styrke konservative krefter i Iran, og kva konsekvensar kan det få? Kva vil USAs nye sanksjonar bety for folk i Iran?

Knut S. Vikør er professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur-og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen. Vikør arbeider med Midtausten og Nord-Afrikas historie, islams historie, og islamsk lov. 

Marianne Bøe er postdoktor i religionsvitskap ved AHKR (UiB) og arbeider med koplingar mellom religion, lov og kjønn. Hennar doktorgradsavhandling omhandlar familielovreform og kvinnerettighetsaktivisme i Iran.

Åse Gilje Østensen er førsteamanuensis ved Sjøkrigsskolen. Østensen har PhD frå samanliknande politikk, og har vore tilsett ved CMI.

Velkommen onsdag morgon til croissant, kaffi & høgaktuell politikk!