Breakfast Forum

Er Kabul trygt for retur?

13 nov 17 08:30 - 13 nov 17 09:30 NOR ,

Med Arne Strand (Forskingsdirektør, CMI og Direktør, U4) i samtale med Torunn Wimpelmann (Forskar, CMI).

Noreg har så langt i år returnert over 500 afghanarar til Kabul. Samtidig er tryggleiken forverra i heile landet, og spesielt Kabul har store sivile tap. Stortinget er delt i om ein skal stanse eller halde fram med retur av dei som fekk midlertidig opphald i Noreg til dei fylte 18 år.

Spørsmålet er difor: Kor trygt er det å returnere desse afghanarane? Er det mogleg å klare seg i byen for internflyktningar utan nettverk?

  • Arne Strand er forskingsdirektør ved CMI og har forska på Afghanistan i ei årrekkje.
  • Torunn Wimpelmann er forskar på CMI og har særleg sett på samanhengen mellom kjønn, vald og politikk i Afghanistan. 

 

Velkommen!

 

Photo: United Nations Photo / Flickr